Foreldre kjenner ikkje bornas nettvaner

01.07.2009

Ei forbrukarundersøkjing i Danmark viser at born i stor grad utforskar nettet utan foreldre tilstades.

Heile 70 prosent av foreldra som var med i undersøkjinga svarer at dei ikkje vitjar online-universa som borna deltek i, skriv KLF, Kirke og Medier.

– Nettet er ein del av bornas kvardag der dei spelar, chattar og shoppar, og foreldre kan lett misforstå bornas intuitive omgang med nettet som eit teikn på modenheit. Det er ikkje alltid tilfelle. Det er svært lett for born å la seg freiste av virtuelle tilbod, seier Camilla Bruun Jakobsen, redaktør i forumet ”Forældre til onlinebørn”.

Kjelde: KLF, Kirke og Medier

Del |

Tips en venn