13-årsgrense på YouTube
02.03.2010
Visste du at YouTube ikkje er for barn under 13 år? - Dei fråskriv seg ansvar for innhaldet, meiner Øystein Samnøen i Barnevakten.
Av Silje Rognsvåg
Aldersgrensa på minst 13 år kjem fram av punkt 12 under Terms of Service.
- Det er nok ukjent for dei fleste barn og vaksne, trur Øystein Samnøen, dagleg leiar i Barnevakten.
- Dette er eit dilemma for oss. Samstundes som ein skal respektere aldersgrenser, har YouTube mykje artig for barn, understreker han.
Fråskriv seg ansvar
Barnevakten meiner aldersgrensa er ein effektiv måte å fråskrive seg ansvar for kva barn under 13 måtte finne på nettsida.
- Dette er eit populært fenomen laga på unge og vaksne sine premiss, som barn også bruker. Facebook har samme konsept. Det hadde vore fornuftig av både YouTube og Facebook å vere meir tydeleg overfor brukarane sine om aldersgrensa. No er dei ikkje flinke nok til å opplyse om den, meinar Samnøe.
Han ønskjer derimot ikkje å åtvare mot bruk av YouTube for barn.
- Dersom foreldre let barna bruke sida, bør foreldra vere tilstades medan den vitjast, og snakke med barna om kva slags innhald ein leiter etter og kva ein kan komme over. Snakk om kva reglar som gjeld for publisering på YouTube, til dømes rettar til bilder og musikk.
Barnevakten sine YouTube-råd til foreldre
- Barnevakten anbefalar foreldre å vere i nærleiken om ein let yngre born bruke sida – så sant det er praktisk mogleg. Sjølv opererar YouTube med ei aldresgrense på 13 år.
- Snakk med barnet ditt om kva du synes er greit at det aktivt oppsøkjer av innhald på YouTube.
- Ein veit ikkje alltid kva ein får sjå på YouTube før ein har trykt på ”play”-knappen. Snakk med barnet ditt om at ein kan komme over innhald som ikkje er eigna for born.
- Inviter barnet ditt til å prate med deg dersom det møter på innhald som ein opplever skremmande eller ubehageleg.
- Det kan vere nyttig å aktivere filteret som ein finn nederst på sida kalt "Safety Mode on/off" viss ein let yngre born bruke YouTube. Filteret fungerar for øvrig ikkje spesielt godt, og bør difor ikkje gje foreldre falsk tryggleik. Hugs at det viktigaste filteret sit i hovudet og hjarta på barnet ditt, ikkje på nettsida eller maskina.
Ønskjer barnet ditt å publisere videoklipp på YouTube?
- Snakk med barnet ditt om opphavsrettigheiter til bilder, videoklipp og musikk.
- Viss ein vil publisere bilder eller videoklipp med menneske avbilda, må ein alltid spørje dei om løyve for å publisere bildene.
- Gjer merksom på at om ein vil leggje ut videoklipp av personar under 15 år, må ein også hente inn løyve fra føresette.
Relaterte saker på barnevakten.no:
Ny videotjeneste for barn
Nytt filter på Youtube



