Ynskjer å utdanne i dataspel
23.02.2010
Filmutdanninga må leggast om, og dataspel må inn i utdanninga. Det meiner dekan ved Filmskolen på Lillehammer.
Dekan Thomas Stenderup meiner at Filmskolen er moden for ei stor modernisering, skriv NRK.no. Stenderup meiner dataspel og film smeltar meir og meir saman
- Vi må vere leveringsdyktige innan tv, film og nye medium. Viss ikkje vi utdannar innan dette, kven skal då gjere det, seier Stenderup til NRK.no.
Eige masterstudie
Han meiner at mange filmskulestudentar vil jobbe med dataspel i framtida. Det er det mediet som nye generasjonar er mest interessert i, trur han.
- Dataspel og andre digitale medium har like store moglegheiter til å bære kvalitet og kultur som tv og film har, seier Stenderup.
Stenderup ynskjer gjennom eit eige masterstudie å gjere det mogleg for studentar i framtida å lage spel på same måte som film og tv.
Får støtte
Dei norske dataspelprodusentane støttar forslaget.
- Det vi ser i desse dagar er ei større samansmelting av alle medium, seier Jørgen Taraldsen i FUNCOM til NRK. Han meiner det er mykje å tene på å sjå film og spel meir i samanheng.
Internasjonal trend
Spelsjef i Barnevakten Odd Arild Olsen støttar og utspelet frå Stenderup.
- Det er ein klar trend i spel- og filmbransjen internasjonalt at film og spel blir kobla tettare saman. At denne utviklinga kjem til Noreg er heilt riktig, meiner Odd Arild Olsen.
- I framtida vil fleire medium flyte saman. Datapspel blir ei viktig platform for både film og musikk. Måten vi i dag har klare skillelinjer mellom ulike medieprodukt vil forsvinne, trur spelsjef Olsen.
Les meir på NRK.no



